Enkelte lettingar i smitteverntiltaka frå 14. januar 2022

Vi ønskjer å vere ei tilgjengeleg og varm kyrkje. Vi tek samtidig del på den viktige dugnaden for godt smittevern. Å møte ei opa kyrkjedør og ha eit kyrkjeleg tilbod innanfor gjeldande smittevernreglar er viktig for mange. Vi tilrettelegg så godt som vi kan og ønskjer vel møtt til kyrkje!

Enkelte lettingar i smitteverntiltaka frå 14. januar 2022

Nye nasjonale reglar frå 14. januar 2022
Å tilpasse oss til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar, er blitt litt av kvardagen i snart to år. Vi tilrettelegg så godt vi kan for at du skal kunne kome til kyrkja på våre arrangement i trygge former.

Dei nye nasjonale reglane for innandørs offentlege arrangement er to-hundre deltakarar på faste tilviste plassar. Dette talet er høgt for Hareid kyrkje sin del, når vi må følgje avstandskrava. Vi har plass til omlag 100 i Hareid kyrkje. Vi tilrettelegg antal deltakarar ut frå dei enkelte arrangement og kohortar.

Gudstenester
Vel møtt til gudsteneste i Hareid kyrkje. Det er berre å møte, ingen påmelding på førehand no når det er opna opp for fleire deltakarar. Ta med munnbind sjølv, og bruk dette inn/ut av kyrkja.

Gravferder
Vi kan no ta imot 100 deltakarar til gravferd i Hareid kyrkje, etter gjeldande avstandskrav og på faste tilviste plassar. For å ta del på gravferd, kan du melde deg på til dei pårørande. Pårørande må levere deltakarliste merka med kohortar, innan kl 12 dagen i forkant av gravferda.
Ta med munnbind sjølv, og bruk dette inn/ut av kyrkja.

"Kviletid" - kvar søndag kveld kl 19.00 i Hareid kyrkje
Det er berre å møte, ingen påmelding på førehand. Ta med munnbind sjølv, og bruk dette inn/ut av kyrkja.

Ved alle arrangement:

  • Deltakarar får tilvist fast plass ved ankomst
  • Deltakarliste (namn og mobilnr) førast og oppbevarast i 14 dagar før makulering
  • Det skal førast oversikt over kvar den enkelte deltakar sitt
  • 1 meter avstand mellom dei som ikkje tilhøyrer same kohort (eks. inn/ut av kyrkja)
  • På faste tilviste plassar, er det tilstrekkeleg med ein ledig plass (om lag 1 meter) mellom deltakarane på same rad
  • Påbod med munnbind på innandørs arrangement, der ein ikkje kan holde 1 meter avstand. Unntak er barn under 12 år
    Ta med munnbind sjølv!

Vi oppmodar alle til å fortsatt halde på gode vanar for å hindre smitte:
-vaske/sprite hender
-ikkje klemme og handhelse
-bruke munnbind
-vere heime viss ein ikkje er frisk.

Leige av kyrkjelydshuset
Minnesamver i leigde lokaler etter bisetting/gravferd, kan det vere inntil 50 deltakarar MED faste tilviste plassar. Sjå elles gjeldande smittevernreglar som nemnt ovanfor.
Andre private arrangement som selskap, dåpsselskap o.l. kan vere inntil 30 deltakarar i leige lokaler. Ta kontakt med kyrkjekontoret ved leige av kyrkjelydshuset eller spørsmål.

Kyrkjekontoret er stengt for besøkjande inntil vidare, grunna pandemien.

Kontaktinformasjon kyrkjekontoret:

Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Telefon: 70095130
Kyrkjeverje: 97612086
Sokneprest: 99787199
Facebook og Instagram: Hareid kyrkje


Vi held både fokus og motet oppe - og gleder oss til vi etter kvart får tilbake ein meir normal kvardag utan alle restriksjonane. Ta vare på kvarandre.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"